Godt resultat i TV-aksjonen
I Austrheim er inntektene frå bøssene betre enn tidlegare, og kommunen takkar store og små som var ute og samla inn til aksjonen søndag 20. oktober.
I tillegg har det lokale næringslivet blitt engasjert til å gje til aksjonen, mellom anna etter at ordføraren tok ein ringerunde til lokale bedrifter. Også tidlegare år har det lokale næringslivet tatt utfordringa og støtta TV-aksjonen, men dette året har ein passa nøye på med å få det registrert på Austrheim, slik at det også kjem med i "vår" søyle i statistikken.
Med dei innsamla midlane frå årets TV-aksjon skal Barnekreftforeningen etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. På familiehusa skal barn få kunna vera saman med familiane sine, men samstundes vera i nærleiken av sjukehuset og det helsetilbodet dei har der.
Per onsdag 23. oktober er det samla innsamla beløpet for landet 366 877 195 kroner, altså nesten 367 millionar kroner. Det er i reint kronebeløp det høgaste resultatet sidan TV-aksjonen starta opp i 1974.
Justert for kroneverdi er resultatet per no på andreplass, bak innsamlinga i 1979 til Flyktningerådet. Men det kjem enno inn summar frå aksjonen søndag, og det er mogleg å gje til aksjonen heilt fram til 1. desember, så årets TV-aksjon vil nok også få det høgaste resultatet etter justering for kroneverdi.