HjemNyheterGodt i gang med vaksineringa

Godt i gang med vaksineringa

Etter at vaksineringa starta ved årsskiftet, er det no 3,6 prosent av innbyggjarane som er ferdig vaksinerte. Det vil seia at dei har fått to dosar av Pfizer sin Korona-vaksine, som er den kommunen har fått tildelt så langt, og som skal tas i to dosar.

6,9 prosent av innbyggjarane har fått den første av to Pfizer-vaksinedosar, og ventar på dose nummer to. (Dei 3,6 som har fått begge dosane, inngår i dette talet).

Kommunen er ferdig med vaksinering av bebuarane på sjukeheimen, og alle over 85 år har fått tilbod om vaksine. No er det aldersgruppa mellom 75 og 84 som får tilbodet, dette skjer ved at den enkelte vert kontakta av legekontoret og får tilbod om å komma inn til vaksinering.

Kritisk personell

Som det er opna for har ein også vaksinert ein del kritisk personell, for å sikra at drifta kan haldast oppe dersom det kjem eit smitteutbrot. Etter kvart skal ein også i gang med vaksinering av risikoutsette grupper litt nedover i aldersklassane.

Dersom kommunen får tildelt dosar med vaksinen produsert av Astra Zeneca, skal denne prioriterast til risikoutsette grupper under 65 år. Dei over 65 år vil få dosar med vaksinen frå Pfizer, eventuelt også Moderna dersom kommunen får tildelt dosar frå den fabrikanten. Vaksinane frå produsentane Pfizer/Biontech og Moderna er begge av mRNA-typen, og skal begge tas i to dosar med fleire veker mellom.

Ingen smitte siste månad

Det er ikkje registrert smitte siste månad i Austrheim. 

Per fredag 5. mars er det tatt 1.336 Korona-testar i kommunen, det er for heile perioden sidan 12. mars 2020. 

Koronavaksinasjonsstatistikk

Ønskjer du å følgja med på vaksinasjonstala for både Austrheim og resten av landet, så har Folkehelseinstituttet ei oversiktsside for dette. Denne sida finn du på denne lenka, klikk her: Koronavaksinasjonsstatistikk


Sist oppdatert: 05.03.2021
Publisert: 05.03.2021