HeimNyheterGodkjent reguleringsplan for næringsområde - Mongstad

Godkjent reguleringsplan for næringsområde - Mongstad

Kommunestyret i Austrheim gjorde i møte den 12.11.2020, saksnr. 098/20, vedtak om å godkjenna Detaljregulering for Næringsområde N41 og N42 Kaland, vest for Mongstadkrysset, planid. 2018002. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-12.

Plandokumenta med planomtale er datert den 05.03.2020, reguleringsføresegner den 22.10.2020. Plankartet er datert den 04.03.2020 og ROS-analyse den 15.06.2020. Illustrasjonsplanane er datert den 03.03.2020. Mobilitets- og trafikkanalyse er datert den 19.06.2020.

Reguleringsplanen legg til rette for etablering av nytt industriområde på Kaland, vest for Mongstadkrysset. Planområdet er på omlag 400 dekar:

Planarbeidet har hatt som ein viktig intensjon om å utvikla Austrheim kommune og bidra til at fleire vil busette seg og arbeide i kommunen. Det er eit ynskje om å leggja til rette for industri og næring som bidreg til det grøne skiftet. Det kan etablerast større næringsbygg og anlegg/installasjonar for ulike typar produksjonsrelaterte verksemder og industri. Døme på slike kan vera: Energi-, IT- og transportbaserte verksemder som; datasentre, batterifabrikk, IT-styring, logistikk, lagring, montering og netthandel. Ei sannsynleg utvikling er at ein stor del av aktiviteten her vil vera bedrifter med stort arealbehov. Industriområda kan nyttast til næring og industri som har lågt farepotensiale og låg miljøbelastning i form av ureining og støy.

Du kan lesa om reguleringsplanen på Austrheim kommune si heimeside, på denne linken:

Det er og mogeleg å sjå planen på kommunehuset.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jamfør Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 8. desember 2020 til adresse:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

Reguleringsplankart over næringsområdet 

Reguleringsplankart N41 og N42 Mongstadkrysset


Sist oppdatert: 18.11.2020
Publisert: 18.11.2020