HeimNyheterGodkjenning av mindre planendring for Detaljregulering for Hyttefelt H06 Bergsvik

Godkjenning av mindre planendring for Detaljregulering for Hyttefelt H06 Bergsvik

Med atterhald om at formannskapet i Austrheim kommune den 06.05.2021 godkjenner mindre planendring for Detaljregulering for Hyttefelt H06 Bergsvik, planid. 2006003 vert denne hermed kunngjort. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-14.

Nytt plankart er datert den 22.10.2020 og føresegn § 3.1 er endra som vist i søknad. Planendringa gjeld desse tilhøva:

  1. Endre takvinkel/takform på gbnr. 157/121, 122, 123 og 115.
  2. Løyve til oppføring av frittståande boder.
  3. Løyve til å opparbeide avkjørsel/tilkomst til tomtar.

Du kan lesa om den mindre planendringa på Austrheim kommune si heimeside, eller gå innom på kommunehuset og be om utskrift.

Formannskapet sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 27. mai 2021 til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no

Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

Rådmannen


Sist oppdatert: 19.04.2021
Publisert: 19.04.2021