HjemNyheterGode råd om Korona-viruset

Gode råd om Korona-viruset

Helsedirektoratet har sendt ut informasjon om korleis ein skal te seg ved mistanke om smitte av Korona-viruset. Råda er også gode for å hindra smitte og eventuell spreiing av andre influensavirus.

Som ved andre influensavirus slår det hardast ut for dei som allereie har ein annan sjukdom. Rådet frå Helsedirektoratet er difor at ein ringer legekontoret først, heller enn å møta opp på direkten og kanskje utsetja andre på venterommet for smitte.

Alle som trur dei kan vera smitta skal dermed først ringa Austrheim legekontor på 56168200, eller utanom opningstid Nordhordland Legevakt på 116 117. På telefon skal ein så avklara om det skal testast for Korona-smitte, noko som eventuelt skal skje i heimen eller andre stader utanfor legekontoret. Dette gjer ein altså avtale om per telefon.

Retningslinjene som Austrheim kommune har fått er at ein skal testa personar som oppfyller kriteria for mistenkte tilfelle. Desse kan endrast, men er per i dag slik:

Pasientar med akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom: Hoste, kortpusta, feber, og som i løpet av de siste 14 dagane før symptomdebut, oppfyller minst eitt av følgjande kriteria:

- Har vore i område med vedvarande spreiing av Korona-smitte.

- Har vore i nærkontakt (sjå under) med eit stadfesta tilfelle av koronavirus-infeksjon (SARS-CoV-2) (har pleia eller behandla ein pasient, har handtert prøvemateriale frå, eller på annan måte hatt tilsvarande nær fysisk kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19, utan å ha brukt tilrådd beskyttelsesutstyr, har opphalde seg i nærleiken av (under 1 meter), ansikt til ansikt med ein person som er stadfesta sjuk med SARS-CoV-2, har hatt sete i nærleiken av (to seterader) ein person som er stadfesta sjuk med SARS-CoV-2 på fly, samt annan nærkontakt på fly (sjå Kontaktoppsporing ved flyreise) eller budd i same husstand som ein person som er stadfesta sjuk med SARS-CoV-2).

 

 

Råd Corona-Virus

Hygieneplakat

Info til deg jobbar med reisande

Dette skriv Helsedirektoratet om Corona-viruset:

Dette skriv Folkehelseinstituttet om Corona-viruset: 


Sist oppdatert: 28.02.2020
Publisert: 03.02.2020