HeimNyheterJubel for hydrogensatsing på Mongstad

Jubel for hydrogensatsing på Mongstad

– Dette er ei fantastisk gladmelding å få, seier ordførarane Sara Hamre Sekkingstad (Alver) og Per Lerøy (Austrheim) saman med Baste Tveito, leiaren i Nordhordland Næringslag, i ein kommentar til meldinga frå Air Liquid, BKK og Equinor.

Satsinga kan gje Mongstad og Fensfjordbassenget ein leiarposisjon i det grøne skiftet, og gje landet og regionen eit nytt, spanande og berekraftig industrieventyr. Planane viser at regionen har eit av dei mest spennande næringsområda i heile landet. Med dette vil Nordhordland vera med på å skapa den grøne framtida for energi- og industrinasjonen Norge.

Hydrogenfabrikken er eit av dei mest attraktive initiativa som er identifiserte i prosjektet «Green Spot Mongstad». No vil den kunna bidra til å realisera fleire nye initiativ i same klynge.

– Det er viktig at alle, både politikarar, næringslivsleiarar og ulike interesseorganisasjonar, gir initiativtakarane til dette nye industrieventyret den drahjelpa dei treng for at prosjektet kan la seg realisera, seier Baste Tveito i Nordhordland Næringslag.

Lukkast denne industrisatsinga, vil dette føra til nye industriarbeidsplassar i regionen. I anleggsperioden vil det krevja 300 årsverk i ein treårsperiode. Når fabrikken er i drift, vil den sysselsetja rundt 15 personar.

Drivstoffet som skal produserast skal gjera det mogleg for gods- og passasjerbåtar på kysten å gå med lågt eller null utslepp.

– Me håpar at dette er starten på eit nytt industrieventyr i regionen, som kan bidra til å skapa framtidas grøne energiløysingar, seier ordførarane Sara Hamre Sekkingstad og Per Lerøy. 


Sist oppdatert: 12.05.2020
Publisert: 12.05.2020