HjemNyheterGangvegen til Åråsvågen framleis stengt

Gangvegen til Åråsvågen framleis stengt

Austrheim kommune har eit prosjekt på gang med ny hovudvassleidning frå Åråsvågen og opp til Åråsfeltet, og i samband med dette er gangvegen på dette strekket stengt. Dagens sti ligg oppå hovudvassleidningen, og når prosjektet er ferdig vil dette vera ein universelt utforma gangveg som er tenleg for fleire.

Oppstart på arbeidet vert til hausten, og fram til gangvegen er klar må ein anten:

  • Gå litt lengre nord der det går ein sti ned til båthamna (grøn strek på den fantastiske illustrasjonen).
  • Gå sørover til kommunehuset og runda der.

Den gamle stien (raud strek på tidlegare nemnde illustrasjon) er ikkje trygg, og skal ikkje brukast.

Illustrasjon gangveg

Stengt veg Åråsvågen


Sist oppdatert: 19.06.2023
Publisert: 19.06.2023