Frosttapping og lekkasjar reduserer kapasiteten

Det kommunale vassverket i Austrheim er forsynt med vatn frå våre naboar i Alver. På Kaland/Fonnes-sida av kommunen får abonnentane vatnet direkte frå leidningen som kjem frå Alver, medan abonnentane i Årås-feltet og vestover får vatn via vasstårnet som ligg på toppen i byggefeltet.

Vanlegvis er forbruket høgare på dagtid enn nattestid, slik at vasstårnet fyllest opp på natta når dei færraste dusjar, fyller badekaret, vaskar bilen eller brukar vatn på annan måte.

Slik er ein sikra at det er nok vatn til forbruket på dagtid, og ikkje minst at det er ein reserve dersom det skjer eit vassleidningsbrot, eller i verste fall ein brann som krev mykje vatn på kort tid.

Unaturleg høgt forbruk

Men i denne kuldeperioden som me er inne i no, er det jamne forbruket så høgt at vasstårnet ikkje vert toppa opp på natta. Det kan anten bety at ein eller fleire større lekkasjar, eller at nokon driv med frosttapping for å unngå at det frys, kanskje i ein utekran eller grovkjellar utan varme.

Samla sett er det no slik at vasskapasiteten er redusert, og dette vatnet som "forsvinn" betalar Austrheim kubikkpris for til Alver kommune.

Frosttapping er ikkje lov

Å la det drypa i krana for å unngå frost, er ikkje ei god løysing. Det er heller ikkje lov. Er du redd for frost i utekrana må du stenga av vatnet inne. I nye utekranar er det vanleg at det på innsida av veggen at vatnet vert kutta, når du skrur til med stengenøkkelen.

Eventuelt må du få ein røyrleggjar til å setta på ein stoppekran i den varme delen av kjellaren din, slik at du kan stenga av og deretter tappa ut for den delen av røyra der det kan komma frost.

Kva gjer du?

Først så sjekkar du at det ikkje renn frå krana ute eller i kjellaren.

Så høyrer du etter susing i vassrøyra når alle kranar er stengt. Susing kan bety at det lek i i bustaden din, i stikkleidningen din frå det kommunale vassnettet, eller i det kommunale leidningsnettet tett på.

Skulle du ha mistanke om lekkasje i det kommunale nettet, så gjev du beskjed til kommunen på 56162000.


Sist oppdatert: 06.12.2021
Publisert: 06.12.2021