Frosten kan gje vasslekkasje
Me er inne i ein kuldeperiode, og det ser ut for at minusgradane skal vara ved.
Det er viktig at alle hus- og hytteeigarar tenker etter om det er utekranar, vaskekjellarar og andre stader der det er innlagt vatn som kan frysa no som der er kaldt.
Løysingane kan vera fleire, anten å syta for at vatnet er kopla frå og røyra er tappa tomme, at det er tilstrekkeleg varme i alle rom med vatn, eller at det er på plass frostvakt/frostsikringskabel eller andre teknologiske løysingar.
Om det er hytter eller andre bygg der du ikkje har dagleg tilsyn sjølv, er det lurt å gjera ein avtale med ein nabo eller andre som kan sjekka at det faktisk er varmt nok i den vaskekjellaren.
Når vatnet frys i røyra kan dei sprekka, og vatn vil lekka ut i veggar og på golv, heilt til det til slutt renn ut av bygget som i tilfellet som vart oppdaga i dag.