HjemNyheterFrivillige lag og organisasjonar: Søk om straumstøtte!

Frivillige lag og organisasjonar: Søk om straumstøtte!

Du må notera deg at søknadsfristen er 15. mars klokka 13.00. Det er litt informasjon som skal på plass, så ikkje start i siste liten.

I utgangspunktet skal ein bruka det skjemaet som ligg hjå Lotteri- og stiftelsestilsynet (lenke i neste avsnitt), men det er også mogleg å søka direkte til kommunen. Søknadsfristen er den same for søknader direkte til kommunen, og ein er sjølv ansvarleg for å få med all den informasjonen som er etterlyst i skjemaet som ligg på nett.

Søknadsskjema og informasjonslenker

Klikk her for å lesa meir om ordninga og kven som kan søka (ekstern lenke) 

Klikk her for å lesa retningslinjene for straumstøtteordninga (ekstern lenke)

Her er lenke til søknadsskjemaet, hjå Lotteri- og stiftelsestilsynet

Her kan du sjå kven andre som har søkt om støtte, lenke til Lotteri- og stiftelsestilsynet si oversiktsside. 

Har du spørsmål?

Kontakt:

Trine Merete Jansen, kommunalsjef oppvekst og kultur
Tlf: 56 16 20 00

280 millionar til fordeling

I alt er det sett av 280 millionar kroner til ordninga. 250 millionar er sett opp med ei fordeling til kommunane, medan departementet heldt att dei siste 30 millionane til eventuell ettertildeling. Det er nemleg slik at kommunane kan be om meir pengar, dersom ein kan visa at den tildelte summen er for liten.

Departementet skal ha tilbake midlar som ikkje er fordelte til lag og organisasjonar i kommunen.


Sist oppdatert: 02.03.2022
Publisert: 02.03.2022