HjemNyheterFristen for å søka straumstøtte er 7. september

Fristen for å søka straumstøtte er 7. september

Regjeringa har forlenga ordninga med straumstøtte fram til mars 2023, med ny søknadsrunde kvart kvartal. Det kan no søkast om støtte for perioden april-juni 2022.

Formålet med straumstøtteordninga er å motverka negative konsekvensar av dei høge straumprisane.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen.

Kven kan søka?

Søkar må ha organisasjonsnummer for å kunna søka. Desse organisasjonane har rett til å søka:

  • Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Lotteri- og stiftelsestilsynet oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrera seg.
  • Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret, kan søka dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
  • Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret, kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats, og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats er det meint menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendahus og lokale forsamlingshus søka, om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.

I førre runde var det kommunane som handsama søknader, men no er det Lotteri- og stiftelsestilsynet som har dette ansvaret. 

Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søka her (klikk på lenka - ekstern lenke) 


Sist oppdatert: 31.08.2022
Publisert: 31.08.2022