HeimNyheterFriskliv og meistring – saman om betre helse i Nordhordland

Friskliv og meistring – saman om betre helse i Nordhordland

Treng du hjelp til å finne ein god balanse mellom alle gjeremåla dine i kvardagen? Ønskjer du å bli meir bevisst på eigne val og vanar?
Publisert: 23.07.2024
Sist endra: 23.07.2024

Friskliv og meistring tilbyr fleire kurs som kan hjelpe deg til å leve betre med helseutfordringane dine. Alle innbyggjarar i kommunane i Nordhordland kan delta.

Kurstilbod hausten 2024:

  • Kreftrehabilitering: Treningstilbod for deg som har kreft, eller som har seinplager etter kreftbehandling
  • LEV-kurs: Livsstilsendrings,- og sjukdomsmeistringskurs for vaksne 
  • Vaner for livet: Eit livsstilendringskurs for familiar  
  • Digitalt kurs i tobakkslutt (sjå også her: Røykestopp - digitalt kurs)
  • Digitalt kurs i søvn 

For meir informasjon besøk nettsida til Alver kommune: www.alver.kommune.no/friskliv-og-meistring

Du kan også ta kontakt med dei på telefon 40 91 04 88, eller e-post frisklivogmeistring@alver.kommune.no