HjemNyheterFramskundar vaksinering med 2. dose

Framskundar vaksinering med 2. dose

Austrheim kommune har fått mange vaksinedosar for denne veka og den neste, og ønskjer no å framskunda avtalane for dei som er sette opp med 2. dose med Korona-vaksine i oktober.

Om du er sett opp med 2. dose i oktober, ta kontakt med Austrheim legekontor for ein ny avtale. Det er mogleg å få flytta fram din time til vaksinering, til torsdag 26. august. Kommunen held fram med vaksinering torsdagar framover, slik at den neste vaksinedagen er 2. september og deretter 9. september.

Merk at det skal gå minst tre veker mellom vaksinering med 1. og 2. dose.

Ta også kontakt dersom du ikkje har fått den 1. dosen, men ønskjer det no. 

Tilbodet om Korona-vaksine er no utvida også til dei som er 16 og 17 år (fødde i 2004 og 2005). Legekontoret kontaktar desse, men ring sjølv om du ønskjer vaksine men ikkje er kontakta.

Du kan ringa legekontoret på 56168200, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00.

Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time, og i neste omgang møter presis til den tida ein har vaksinetime.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.


Sist oppdatert: 23.08.2021
Publisert: 23.08.2021