HeimNyheterFramleis reint vatn på badeplassane

Framleis reint vatn på badeplassane

Bading i Mastrevikane

Miljøretta Helsevern har tatt prøvar av vatnet på seks badeplassar i Austrheim, og alle prøvane har fått karakteren "utmerka". Prøvane er tekne ved Årvika på Fonnes, Mastrevikane ved slippen, Mastrevikane ved båtplassane, Øksnes, Finnsvågen/ Austrheimvågen og Solesjøen. 

Analyseresultata er vurderte etter EUs badevannsdirektiv, og skalaen er slik: Utmerka, god, tilstrekkeleg, dårleg.

Miljøretta Helsevern er ei eining i Alver kommune, som gjennomfører enkelte oppgåver også for andre kommunar.


Sist oppdatert: 26.07.2021
Publisert: 26.07.2021