HeimNyheterForskrift om slamtømming

Forskrift om slamtømming

Kommunestyret vedtok i møte den 18.02.2021 Lokal forskrift om slamtømming for Austrheim kommune. Vedtaket i sak 013/21 var:

Lokal forskrift om slamtømming for Austrheim kommune vert godkjent. Lokal forskrift er heimla i lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30, § 33, § 34, § 37, § 79, § 83 og § 85.

Du kan lesa den oppdaterte forskrifta her på heimesida til Austrheim kommune, klikk her for å lesa: Forskrift for slamtømming - vedteke 2021.

Her kan du lesa saksutgreiinga til kommunestyret, klikk her for å lesa: Godkjenning av forskrift om slamtømming - kommunestyret 180221.

Forskrifta består av føresegner som er rettsleg bindande. Forskrifta gjeld tømming, transport og handsaming av slam og sanitært avløpsvatn frå slamanlegg. Forskrifta fastset og retningslinjer for slamgebyr. Føremålet med denne forskrifta er å sikra forsvarleg miljøkvalitet ved eit avløpsanlegg. Forskrifta har og som formål å sikra helsemessig, miljømessig og økonomisk forsvarleg innsamling, transport og handsaming av slam.

Rådmannen


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 12.03.2021