HjemNyheterForlengar Korona-tiltak med eitt døgn

Forlengar Korona-tiltak med eitt døgn

Austrheim kommune har tidlegare bestemt kva Korona-tiltak som skal gjelda fram til og med 23. november. Dette er tiltak som skal halda Korona-smitten i sjakk. 

Tiltaka vart først vedtekne av kommunal kriseleiing (KKL), og deretter vedtekne av kommunestyret i deira møte 12. november.

Tiltaka i forskrifta er tilnærma like dei som var vedtekne for Bergen, Alver og andre omegnskommunar for same periode. Det er ønskjeleg å ha like tiltak som nabokommunane også vidare, sidan smittepresset ikkje tar omsyn til kommunegrensene i bu- og arbeidsregionen her.

KKL avgjorde i dag måndag 23. november å forlenga dei gjeldande tiltaka med eitt døgn, slik at dei gjeld ut tysdag 24. november. Så vert kommunestyret kalla inn til eit ekstramøte (digitalt) tysdag ettermiddag, for å ta stilling til kor lenge tiltaka skal gjelda. Innan dette vil ein få klargjort korleis tiltak og varigheit vert i til dømes Alver. 

Målet er at med tiltak no, og med dette redusert smitte, så kan ein få opna opp igjen til juleferien.

Les forskrifta her: 
Forskrift om smitteverntiltak i Austrheim kommune - vedteke 121120


Sist oppdatert: 23.11.2020
Publisert: 23.11.2020