HjemNyheterVatningsforbodet er oppheva

Vatningsforbodet er oppheva

Forrige veke var vassforbruket svært høgt og torsdag 1. juli vart det innført vatningsforbod i Austrheim.Teknisk drift kunne sjå at vassforbruket gjekk ned etter at forbodet vart innført og vi rettar ein takk til alle som tek meldingane frå kommunen på alvor. 

I dag den 6. juli vert vatningsforbodet oppheva, men når sola kjem att og det vert tørt over lengre tid ber vi om at du viser omsyn og tenkjer deg om før du bruker for mykje vatn. 

Vi jobbar med å betre den kommunale vassforsyninga. Med ny vassleidning frå Vardetangen til Utkilen er vi eit stykke på veg med å sikre ei betre vassforsyning i kommunen, men inntil vidare må vi likevel vere forsiktige med vassforbruket.

Oppmodar og alle til å melde frå til kommunen dersom det vert oppdaga lekkasjar. 


Sist oppdatert: 06.07.2021
Publisert: 06.07.2021