HjemNyheterFolkevekst i Austrheim

Folkevekst i Austrheim

Auken er på 1,01 prosent frå det førre talet på 2 860. Det er tilflytting som er bakgrunnen for folkeveksten.

Fødselsoverskotet er også på plussida, det vart fødd 21 born i Austrheim i 2021, medan det var 19 innbyggjarar som døydde.

58. best i landet

Tala plasserer Austrheim på ein 58. plass av kommunane i landet målt etter folkevekst.

I Vestland fylke er det fire kommunar med betre folketalsutvikling enn Austrheim. Desse er Eidfjord (opp 3,77 prosent og 34 innbyggjarar til 937), Sogndal (opp 1,33 prosent og 159 innbyggjarar til 12 097), Stryn (opp 1,25 prosent og 89 innbyggjarar til 7 207), og Luster (opp 1,10 prosent og 57 innbyggjarar til 5 246). Av desse er Sogndal ein ny kommune frå 1. januar 2020, slått saman av Balestrand, Leikanger og Sogndal.

For Vestland fylke samla gjekk folketalet opp 0,39 prosent. Det kom 2 471 nye innbyggjarar, slik at talet no er 641 292.

Vekst for landet

Samla hadde Norge ein folkevekst på 0,63 prosent, og gjekk opp med 33 901 innbyggjarar, frå 5 391 369 til 5 425 270.

Av 356 kommunar i statistikken er det 189 som står heilt på same plass eller har positiv folketalsutvikling, med Sør-Fron og Valle som dei to med 0 i endring. Resten har folketalsnedgang, og mellom dei med størst nedgang finn ein mellom anna Fedje (nedgang på -4,38 til 502 innbyggjarar). Masfjorden og Gulen har også nedgang, Masfjorden går tilbake -1,87 prosent til 1 629 innbyggjarar, og Gulen går tilbake -1,85 prosent til 2 230 innbyggjarar.

Alver kommune har ein vekst på 0,87 prosent, og gjekk opp 256 innbyggjarar til 29 593.

Grendeflytting gav topp og botn

Kommunen med størst folketalsvekst av dagens 356 kommunar er Vestnes kommune i Møre og Romsdal, som gjekk fram 5,94 prosent, med 389 nye til 6 936 innbyggjarar.

Størst nedgang i landet hadde nabokommunen Rauma med -5,62 prosent, dei hadde ein nedgang 418 til 7 019 innbyggjarar.

Mesteparten av denne endringa, og plasseringa på topp og botn av statistikken, kan forklarast med at Fylkesmannen på bakgrunn av eit innbyggjarinitiativ flytta Vågstranda frå Rauma kommune til Vestnes kommune frå 1. januar 2021.


Sist oppdatert: 28.02.2022
Publisert: 28.02.2022