HjemNyheterFølg Årås-elevane i matreddarkonkurransen

Følg Årås-elevane i matreddarkonkurransen

9. trinn på Årås har vore med i ein nasjonal konkurranse i faget Mat og helse, kalla «Bli ein matredder». Konkurransen er i regi av Q-meieriene og @spisoppmaten, og har fokus på bærekraft og å redusera matsvinn.

Klassen gjekk vidare til finalen, og i førre veke vart dei filma på skulekjøkkenet medan dei laga sitt finalebidrag, fortel Tina Fonnes, lærar i mat og helse 9 kl. Årås skule.

- Elevane laga ein treretters meny av varer som vi redda frå kasting frå lokale dagligvarebutikkar. På onsdag 27. oktober er det livesending på nett klokka 10.00. Då skal 9. klasse delta via live-link, pluss at det vert sendt klipp frå skulekjøkkenet då dei laga finalebidraget.

I løpet av denne sendinga kan publikum også stemma fram sin favorittklasse, som vinn 10.000 kroner. Årås konkurrerer med to skular frå Oslo.

Klikk på denne lenka for å komma til Q-Matredderdagen 2021. Der kan du sjå sendinga onsdag 27. oktober, læra triks om korleis du reddar mat frå matavfallsposen, og få mange gode tips om mat. Og kanskje vil du gje di stemme til Årås-elevane?


Sist oppdatert: 26.10.2021
Publisert: 26.10.2021