HeimNyheterFlytting av Helsestasjonen - jordmor - psykiatrisk sjukepleiar

Flytting av Helsestasjonen - jordmor - psykiatrisk sjukepleiar

I samband med smittesituasjonen rundt Korona/ Covid-19 vart det i september bestemt at Helsestasjonen skulle flyttast frå naboskapet med Legekontoret, og opp i andre etasje i kommunehuset.

I dei kontora der Nav var tidlegare, er det no rigga til for Helsestasjonen sine tilsette. Flyttinga omfattar også jordmortenesta, og psykiatrisk sjukepleiar.

Arbeidet er gjennomført på kort tid, etter eit framifrå arbeid av både teknisk avdeling og dei tilsette i dei ulike tenestene.

Flyttinga vil gjera det lettare å oppretthalda eit av dei viktigaste smitteverntiltaka på Legekontoret, nemleg avstand.

Helsestasjonen, jordmor og psykiatrisk sjukepleiar får tilgang gjennom Servicekontoret, til liks med resten av administrasjon/biblioteket.


Sist oppdatert: 02.10.2020
Publisert: 02.10.2020