HjemNyheterFerie for alle - tilbod frå Røde Kors

Ferie for alle - tilbod frå Røde Kors

«Ferie for alle» er eit gratis ferietilbod til barn og barnefamiliar med pressa økonomi. Mange barnefamiliar i Norge kan av ulike grunnar ikkje reisa på ferie, men Røde Kors har gjennom ordninga «Ferie for alle» gitt tilbod om gratis ferieopphald for barnefamiliar kvar sommar sidan 2001.

«Ferie for alle» skal bidra til sosial deltaking og utvikling, nettverksbygging og inkludering. Ordninga rettar seg mot familiar som har så avgrensa økonomi at dei ikkje klarer å finansiera ferie- og fritidsopplevingar på eiga hand.

Tilbodet rettar seg mot familiar busette i Hordaland, som har minst eitt barn i barneskulealder, 6-13 år. Familien kan ha både eldre og yngre barn i tillegg. Deltakarane bør vera glade i å vera utandørs og å vera aktive.

No er det mogleg å søka om plass på årets sommarleirar, det er fire opphald i alt, 25.-29. juni, 1.-5. juli, 2.-6. august og 11.-15. august. Det er avgrensa med plassar i år samanlikna med tidlegare, på grunn av krav til smittevern. Alle ferieleirane er på Røde Kors-senteret Merket i Valdres. Deltakarane på ferieleir må kunna norsk, og ha budd minst tre år i Norge.

Søknaden skal skje gjennom kommunen, og du kan ta kontakt med Helsestasjonen for meir informasjon og søknad. Søknadsfrist for opphald i sommar er 21. mai.


Sist oppdatert: 29.04.2021
Publisert: 29.04.2021