HjemNyheterFemteklassingar imponerte på sjakkbrettet

Femteklassingar imponerte på sjakkbrettet

5A og 5B frå Årås skule, og 5. klasse frå Kaland skule, har alle vore gjennom opplæring og øving til meisterskapet som Sjakkforbundet har arrangert.

Alle klassane har delteke på øvingsdagar før dei spelte innleiande meisterskap. Med over 450 påmeldte 5. klassar frå heile landet, gjekk desse meisterskapa over fleire dagar. Landsfinalen vart spelt torsdag 4. mai, og uttak til denne vart gjort basert på laga (klassane) sin poengskår i innleiande meisterskap.

Poengsystemet belønnar at ein prosentvis høgast mogleg andel av elevane i klassen er med og spelar.

5A frå Årås skule kom seg heile vegen til finalen, der 16 lag spelte 4 rundar i løpet av tre timar. Dei enda på ein flott 11. plass i landsfinalen. Vi er svært stolte av gjengen, og tusen takk for fantastisk organisering frå Sjakkforbundet.

Beste helsing
Trude Bertelsen, kontaktlærar 5A Årås
Mona Instebø Bø, kontaktlærar 5B Årås
Lene Fløysand Sylta, kontaktlærar 5. klasse KalandSjakk elevar femte klasse 2023


Sist oppdatert: 05.05.2023
Publisert: 05.05.2023