HjemNyheterSeks lister leverte til kommunevalet

Seks lister leverte til kommunevalet

Dei som har levert liste er Arbeidarpartiet, Industri- og Næringspartiet, Samlingslista, Senterpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti. Innleveringsfristen for listeframlegg til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 var fredag 31. mars klokka 12.00.

Her kan du sjå listeframlegga som er leverte, og lesa meir om valet (klikk på lenka)

Dette skjer vidare

Administrasjonen startar arbeidet med listeframlegget etter at fristen har gått ut.

Sakshandsaminga startar med kontroll av at listeframlegga er gyldige etter krava i vallova, som til dømes at kandidaten er valbar (har stemmerett, bur i kommunen, med meir).

Om det er ting som ikkje er i orden, til dømes feil på fødselsdato eller liknande, vil me gå i dialog med dei tillitsvalde for listene, for å dette i orden etter regelverket.

Brev til kandidatane

Alle som står på ei liste får brev om dette, og så har dei høve til å søka fritak. Får nokon fritak, må det gjerast endringar slik at lista ikkje har «tomme plassar».

Valstyret i kommunen (det er Per Lerøy, Inger Lise Brekke, Morten Sognnes, Bjørn Inge Håland Dyrkolbotn og Anne Dahle Austrheim), skal seinast 1. juni godkjenna eller forkasta listeframlegga. Etter dette blir listene sende til trykkeri for produksjon.

Når kan du stemma?

Det er tidlegrøysting i perioden måndag 3. juli til onsdag 9. august, dette skjer i vallokale på Servicekontoret, innanfor dei vanlege opningstidene, måndag til fredag 09.00 til 15.00.

Så er det førehandsrøysting i perioden torsdag 10. august til fredag 8. september, også det på Servicekontoret. For førehandsrøysting er det ope måndag til fredag 09.00 til 15.00, men torsdag til 19.00, og laurdagsope laurdag 26. august og laurdag 2. september, klokka 10.00 til 14.00.

To krinsar valdagen

Austrheim kommune har to røystekrinsar, Austrheim og Kaland. På valdagen, måndag 11. september, er det røystelokale i Austrheimhallen for Austrheim krins, og på Kaland skule for Kaland krins. Opningstider valdagen blir frå klokka 14.00 til 21.00.


Sist oppdatert: 04.04.2023
Publisert: 30.03.2023