HjemNyheterFeil på meldeskjema for barnevern

Feil på meldeskjema for barnevern

Det har vore feil på meldeskjema for bekymringsmelding til barnevernet, som kunne ha påverka melding gitt av innbyggarar i Austrheim. Sjå oppdatering nedst i saka.
Publisert: 05.06.2023
Sist endra: 16.06.2023

Det blei i dag 5. juni kjent at det har vore feil på eit nasjonalt system for bekymringsmeldingar til barnevernet.

Austrheim kommune har ikkje vore brukar av dette meldingssystemet, som er tilgjengeleg på denne lenka: Bekymringsmelding til barnevernet (klikk her).

Dei som har valt Austrheim kommune, har fått tilbakemelding om at meldeskjemaet må skrivast ut og sendast som post. Samstundes er det kanskje ein del som har valt Alver kommune som mottakar av skjemaet, sidan nabokommunen vår har barnevernstenesta også for Austrheim (og Fedje).

Datafeilen som no er retta, gjorde at meldingar registrerte i den nasjonale meldingsportalen for bekymringsmeldingar ikkje gjekk vidare til fagsystemet Visma Familia, som er brukt av mange barnevernstenester.

Har du sendt ei bekymringsmelding til Alver barnevern gjennom den elektroniske løysinga, og ikkje har fått konkret tilbakemelding eller veit at meldinga har blitt fulgt opp, er det bra om du følgjer opp vidare. Ta kontakt med barnevernstenesta i Alver dersom du har mistanke om at ei melding ikkje har nådd fram i systemet.

Alver barnevern kan kontaktast på telefon 56 37 50 82, eller e-post barnevern@alver.kommune.no. E-post skal ikkje innehalda sensitive opplysningar.

Oppdatering 15. juni: 

Alver kommune melder 15. juni at innhaldet i den sakna bekymringsmeldinga til barnevernet frå 17. mars 2023 er funne, og saka er behandla.

Barnevernet fekk tilleggsinformasjon knytt til den aktuelle bekymringsmeldinga kort tid etter den skulle vore mottatt. Barnevernet tok då kontakt med meldar og bekymringsmeldinga vart sendt inn på nytt. Saka er behandla innan fristen. 

Bekymringsmeldinga var registrert av ein offentleg meldar, og saka som var meldt inn, blei ikkje definert som akutt.

Det var måndag 5. juni at Bergen kommune opplyste om at dei hadde avdekka at enkelte bekymringsmeldingar som var melde til barnevernet, ikkje hadde kome fram grunna teknisk feil. Feilen var knytt til samhandlinga mellom den nasjonale meldingsportalen for innsending av bekymringsmeldingar til barnevernet og Visma Familia, som er fagsystemet som også barnevernstenesta i Alver brukar.