HjemNyheterBusskur på Njøta og datakurs for eldre

Busskur på Njøta og datakurs for eldre

I kommunestyret torsdag 10. desember vart det gjort fleire løyvingar til ulike føremål, etter at det i haust har blitt klart at kommunen vil få eit bra resultat i 2020. Nokre av løyvingane er oppryddingar av lovnader som er gitt tidlegare, andre er nye ting som det har komme ønskje om.

Då rapporten for 3. tertial vart utarbeidd 2. desember var prognosen eit 2020-resultat på 17,7 millionar kroner, noko som er monaleg betre enn budsjett. Prognosen viste vidare eit årsresultat på 11 millionar kroner. Her er det viktig å ta med seg at ein ikkje veit resultatet sikkert før eit stykke ut i 2021.

Dette resultatet vil ikkje berre vera tilstrekkeleg til å betala ned siste rest av tidlegare underskot, slik at kommunen kjem ut av Robek-lista i 2021, og sjølve kan avgjera låneopptak og investeringar. I denne perioden der Austrheim framleis er på Robek-lista, er det Fylkesmannen som har det siste ordet i slike saker.

Dei gode tala gjer at kommunestyret har funne plass til nokre mindre justeringar, desse finn du i dei to dokumenta som er lagt ut her: 

Budsjettendringsskjema 2020 - vedteke i kommunestyret 10.12.2020

Tertialrapport 3 - 2020 - Austrheim kommune


Sist oppdatert: 11.12.2020
Publisert: 11.12.2020