HjemNyheterFadderfamiliar og guidar for flyktningar frå Ukraina

Fadderfamiliar og guidar for flyktningar frå Ukraina

Austrheim kommune jobbar med å førebu seg på å ta imot flyktningar frå Ukraina. Kor mange som kjem og når dei kjem veit ein ikkje enno, men førebuingsarbeidet er i gang.

Kommunen går difor ut til innbyggjarane i Austrheim og ber om fadderfamiliar/ flyktningguidar.

Ein fadderfamilie/flyktningguide er ein familie eller ein enkeltperson som ønskjer å gjera ein innsats for flyktningane, slik at dei lettare kan verta integrerte i samfunnet vårt. 

Dette er ei frivillig teneste.

Dersom du har spørsmål eller ønskjer å melda deg til teneste, ta kontakt med Rigmor Ludvigsen  på telefon 456 35 324 eller e-post rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no 


Sist oppdatert: 07.04.2022
Publisert: 07.04.2022