Fadderfamiliar og guidar for flyktningar frå Ukraina
Austrheim kommune jobbar med å førebu seg på å ta imot flyktningar frå Ukraina. Kor mange som kjem og når dei kjem veit ein ikkje enno, men førebuingsarbeidet er i gang.
Kommunen går difor ut til innbyggjarane i Austrheim og ber om fadderfamiliar/ flyktningguidar.
Ein fadderfamilie/flyktningguide er ein familie eller ein enkeltperson som ønskjer å gjera ein innsats for flyktningane, slik at dei lettare kan verta integrerte i samfunnet vårt.
Dette er ei frivillig teneste.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å melda deg til teneste, ta kontakt med Rigmor Ludvigsen på telefon 456 35 324 eller e-post rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no
Sist oppdatert:
07.04.2022
Publisert:
07.04.2022