Få med deg valdebattane
Denne dagen vert det to debattar å få med seg i Austrheim. Først er det NRK Hordaland sin direktesende debatt frå vertshuset i Kilstraumen, der NRK sine journalistar sender direkte under morgonsendinga på radio.
Så her er det berre å stilla inn på NRK P1 etter nyhenda klokka 08.30, eller møta i Kilstraumen og høyra debatten direkte. Du kan også følgja debatten direkte og i ettertid på NRK.no.
Seinare same dag vert det politisk folkemøte og debatt på Kaland skule. Klokka 19.00 startar det i gymsalen der, til eit møte leia av Strilen-redaktør Eirik Langeland Fjeld.
Sist oppdatert:
26.08.2019
Publisert:
26.08.2019