HeimNyheterFå kommunal støtte til sommarskule i Austrheim

Få kommunal støtte til sommarskule i Austrheim

I lys av den pågåande Covid 19-pandemien har regjeringa i år gitt ekstra midlar til sommarskule for elevar i grunnskulealder.

Utdanningsdirektoratet skriv: «Målet med sommarskulen er å gje fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulens sommarferie i 2021, samt ein moglegheit til å få fagleg påfyll».  

Kommunen ønskjer å invitera lag og organisasjonar, verksemder, stiftingar eller andre aktuelle aktørar i Austrheim med som arrangørar.  

Aktuelle aktivitetar kan vera: Symjetrening i sjø, fisketurar, ulike uteaktivitetar, målekurs, kurs i ulike instrument, song, dans, opplæring i friluftsliv, fotball, volleyball, turnskule osb.       

Austrheim kommune gir støtte til aktivitetane, og kan eventuelt bidra om ein treng nytt utstyr. Tilbodet skal vera gratis for dei som er med.

Send ei kort skisse med budsjett til  

anita.soltveit@austrheim.kommune.no - FRIST 19. mai 2021.

Me tek kontakt om eventuelt samarbeid.

Denne statlege støtta sikrar elles at Forskerfabrikken sin Sommerlab er gratis denne sommaren, les meir på lenka her:


Sist oppdatert: 26.04.2021
Publisert: 26.04.2021