HjemNyheterEr du klar for røykvarslardagen 1. desember?

Er du klar for røykvarslardagen 1. desember?

Her er ei viktig sjekkliste for heimen din, med mellom anna skifte av batteri ein gong årleg. Batteriskiftet kan du gjerne ta no 1. desember, som er dato for den årlege Røykvarslardagen.

Norsk Brannvernforening har laga denne sjekklista for branntryggleik i bustader:

Som huseigar er ein ansvarleg for tryggleiken i bustaden, men med jamlege eigenkontrollar og nokre sjekkrundar etter denne lista kan du gjera mykje for å redusera brannrisikoen.

Kvar dag før du legg deg:

  • Sjekk at komfyr, vaskemaskin og tørketrommel er slått av.
  • Sjekk at andre elektriske apparat og lys som ikkje treng å stå på, er slått av.
  • Sjekk at ingen omnar, transformatorar eller ladarar er dekka til.
  • Sjekk at levande lys er sløkte.

Kvar månad:

  • Test røykvarslarane ved å bruka testknappen.
  • Test jordfeilbrytaren i sikringsskapet.

Kvart kvartal:

  • Sjekk at nåla i trykkmålaren på brannsløkkeapparatet er i det grøne feltet.
  • Snu pulverapparatet opp-ned eit par gonger. Dette hindrar at pulveret klumpar seg.
  • Sjekk at husbrannslangen er tilkopla og fungerer.
  • Reingjer kjøkkenvifta for feitt, skitne vifter er brannfarleg.

Kvart halvår:

  • Gjennomfør ei brannøving for heile familien.
  • Undersøk om det er svimerker eller sterk varmgang i sikringsskapet.
  • Stram til eventuelle skrusikringar i sikringsskapet.

Kvart år:

  • Bytt batteri i røykvarslarane.
  • Fjern støv frå røykvarslarane med ein støvsugar.
  • Sjå etter svimerker i støpsel, kontaktar, lampar og anna elektrisk utstyr.

Kvart femte år:

  • Få ein godkjent el-installatør til å gjennomføra ein el-sjekk i bustaden.
  • Få brannsløkkeapparatet kontrollert hjå ei kompetent verksemd.

Kvart tiande år:

  • Skift ut røykvarslarane med nye.
  • Utfør service på brannsløkkeapparatet hjå ei kompetent verksemd.

 

Har du eldre personar i familien eller i nabolaget, som du ønskjer å hjelpa med branntryggleik? Dei over 70 har fire til fem gonger større risiko for å mista livet i brann, med matlaging som ein av fleire risikofaktorar. I denne brosjyren frå Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB), kan du finna informasjon (lenke til norsk brosjyre).

DSB har også laga informasjonsmateriell på fleire språk, dei finn du her (lenke):


Sist oppdatert: 27.11.2020
Publisert: 27.11.2020