HjemNyheterEr du interessert i å vera møtefullmektig?

Er du interessert i å vera møtefullmektig?

Austrheim kommune skal oppnemna møtefullmektigar for forliksrådet, for perioden 2025 til 2028 (men nye møtefullmektigar kan møta også hausten 2024).
Publisert: 10.07.2024
Sist endra: 10.07.2024

Forliksrådet er den lågaste domstolen for sivile saker. Austrheim og Fedje har felles forliksråd, med medlemmer oppnemnde av kommunestyret.

Forliksrådet skal legga til rette for at partane får løyst ein tvist ved mekling, dersom det er mogleg. Om det ikkje er mogleg å få partane til semje, kan forliksrådet avseia dom.

Her kan du lesa om forliksrådet på regjeringen.no (klikk her):

Her kan du lesa kva Politiet skriv om forliksrådet (klikk her):


Rolla som møtefullmektig 

Ein møtefullmektig møter som representant for ein part som ikkje kan møta sjølv under handsaminga i forliksrådet. Til dømes kan det vera ei sak der ein part på ein annan kant av landet har eit krav mot ein innbyggar i Austrheim, slik at saka kjem opp i forliksrådet her.

Møtefullmektigen må ha fullmakt frå den parten vedkommande representerer, og legg fram saka på vegner av parten. Du representerer berre den parten som oppdraget kjem frå, og skal i saka vera uavhengig av andre interesser.

Eit rettsmøte i forliksrådet er mindre formelt og mindre omfattande enn eit rettsmøte i dei andre domstolane. Ei sak som er oppe i forliksrådet krev typisk at du er tilstades mellom ein halv til ein heil time, men på førehand må du setja deg inn i saka basert på dei sakspapira parten sender over til deg.

Krav for å vera møtefullmektig

For å bli oppnemnt som møtefullmektig må du vera over 25 år, ha alminnelig god samfunnsmessig kunnskap, og beherska norsk skriftleg og muntleg.

Du treng ikkje bu i Austrheim kommune, men utifrå godtgjeringa er det naturleg at du har arbeidsplass ikkje langt frå kommunehuset der forliksrådet har møta sine.

Dette er godtgjeringa

Etter "Lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvisteloven)" § 6-13 (1) bokstav c, så kan den godtgjeringa som tapande part kan ileggast å dekka, ikkje vera meir enn eit halvt rettsgebyr. Per 1. januar 2024 er eit halvt rettsgebyr 638 kroner.

Godtgjeringa til møtefullmektigen er etter avtale mellom parten og møtefullmektigen, og er elles kommunen og forliksrådet uvedkommande. Dersom du må reisa til kommunehuset for å delta i møte, kan du avtala reisegodtgjering med den parten du møter for.

Har du spørsmål?

Send ein e-post til post@austrheim.kommune.no, og merk e-posten med "politisk sekretariat".

Er du interessert?

Det er kommunedirektøren som oppnemner møtefullmektigar, dette er delegert frå kommunestyret til kommunedirektøren i delegasjonsreglementet. Utfrå innbyggjartal skal Austrheim kommune oppnemna tre møtefullmektigar.

Meld di interesse her seinast søndag 1. september 2024:

Meld interesse (Microsoft Forms)