HjemNyheterEr det Delbart?

Er det Delbart?

Informasjon frå politiet:  

«Politiet lanserer i 2019 eit undervisningsopplegg til ungdomsskuleelevar for å førebygge deling av seksualiserte bilete. Undervisningsopplegget har fått namnet «Er det Delbart?» og er utvikla fordi dagens ungdom «lever på mobilen» og bruker appar som legg til rette for bilete, video og deling. Dessverre fører denne delingskulturen og til at unge tar – og spreier – seksualiserte bilete og videoar av seg sjølve og av andre.

13 prosent i alderen 13–18 år har delt nakenbilete av seg sjølve på nett det siste året, i følgje Medietilsynets Barn og medier-undersøking 2018. Politiet ønskjer å hindre at prosentraten aukar. Mange veit ikkje at slik produksjon, oppbevaring og deling ofte er straffbart».

Elevane ved ungdomsskulane i Austrheim og Fedje vert torsdag 14. mars samla på Samfunnshuset i Austrheim (i skuletida) til eit undervisningsopplegg i samband med satsinga frå politiet; Er det Delbart? Det er Svein Arne Hatlevik, Cato Hjørnevik ogTherese Muus-Falck frå Nordhordland lensmannsdistrikt som gjennomfører undervisningsopplegget. Ein ønskjer å få til ei bevisstgjering blant ungdommar om kva som er ulovleg deling av bilete, og kva konsekvensar det kan få.

Like viktig er det at dei føresette får kunnskap om ulovleg deling av bilete og konsekvensane det kan få for deira barn. Ein ønskjer også å nå dei føresette for 7. klassingane ved skulane.

Nordhordland lensmannskontor i samarbeid med ungdomsskulane i Austrheim og Fedje, og ungdomskoordinatoren i Austrheim, inviterer til temakveld i samband med undervisningsopplegget for elevane. Temavelden om Er det Delbart? vert også på Austrheim samfunnshus torsdag 14. mars, frå klokka 18:30 til 20:00. Temakvelden er for føresette frå 7.-10.trinn ved skulane i Austrheim og på Fedje.

Arrangørane håpar at at så mange som mogleg av dei føresette har høve til å vera med i Austrheim samfunnshus torsdag 14. mars frå klokka 18.30. 


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 21.02.2019