HjemNyheterEndringar i smitteverntiltaka i Austrheim kommune

Endringar i smitteverntiltaka i Austrheim kommune

Kommunal kriseleiing (KKL) har i møtet i dag 30. september bestemt at ein lettar på dei lokale tiltaka, og legg seg på det nasjonale nivået med maksimalt 20 personar i private samlingar, inntil 50 i offentlege samlingar innandørs, og inntil 200 i offentlege samlingar utandørs. Ved samlingar må ein hugsa på at dette er maksimaltal.

Bruk av munnbind på sjukeheimen og heimetenestene: Dette vert vurdert etter situasjonen, særleg med tanke på at enkelte brukarar er sårbare og at vaksine mot vanleg influensa ikkje er gitt enno.
Ein vurderer dette opp mot sårbare brukarar, opp mot om ein kan halda avstand, og kor lenge ein er tett på.

For besøk på sjukeheimen, heldt kommunen seg på dagens nivå med to besøk i veka, og dei andre tiltak som er innførte.

For kommunalt tilsette jobbar ein etter dei eksisterande planane med heimekontor, for å sikra at ikkje alle er på jobb samstundes, og kan bli utsette for smitte.

Endringar for idretten:

Fotballkampar kan avviklast som oppsett i terminlista, også om motstandar er heimehøyrande i Bergen.

Bruk av garderobar, idrettshall og symjehall: Garderobar og idrettshallen skal opnast etter haustferien, frå måndag 12. oktober.
Også symjehallen skal opnast måndag 12. oktober, eller så tidleg som mogleg etter dette, men berre for bruk av skulane og symjegruppa. Det vert ikkje offentleg bading enno.

Idrettslag som skal bruka garderobar, idrettshall og symjehall må framvisa dei planar dei jobbar etter for å sikra smittevernet. Planen skal framvisast og godkjennast av KKL innan bruken tek til.

Det må elles presiserast at alle må oppretthalda det grunnleggande smittevernet, med reine hender og handsprit.

Smittetalet har gått ned:

Dei tiltaka som var innførte kom på bakgrunn av at det vart registrert smitte i Austrheim, og at dette raskt kom i 11 smitta. Det er no ikkje registrert nye smitta i Austrheim sidan 23. september.

Det er tatt over 600 testar her i kommunen, og det vert testa fleire kvar dag.


Sist oppdatert: 30.09.2020
Publisert: 30.09.2020