HjemNyheterEndringar for skular og barnehagar med nye smitteverntiltak

Endringar for skular og barnehagar med nye smitteverntiltak

Barnehagar og skular i heile landet skal frå og med 16. desember driftast på gult nivå etter trafikklysmodellen. Intensjonen er å setje inn smittereduserande tiltak, samstundes som barn og unge framleis kan vere i barnehage og skule.

Gult nivå i skule og barnehage

I Austrheim kommune har alle barnehagar og skular eigne beredskapsplanar knytt til Covid19, og skal i tida som kjem bruke trafikklysmodellen på gult nivå.

Den einskilde barnehage/skule vil informere barn/unge med føresette om korleis kvardagen blir i tida som kjem. Vi må vera budd på at situasjonen kan endre seg rask, og at vi på kort varsel må gå over til raudt nivå i trafikklysmodellen. Dersom dette blir sett i verk som tiltak, vil føresette og tilsette få informasjon via barnehagen eller skulen.

Redusert opningstid i barnehagane

Frå og med måndag 20. desember og ut januar 2022 vil det bli redusert opningstid i Kaland barnehage og i Kystbarnehagen. Opningstida i denne perioden vil vera kl. 08.00 – 15.30.

Barn som har begge sine føresette i samfunnskritiske jobbar kan få dekka sitt behov for opphald i barnehagen innanfor ordinær opningstid etter søknad om dette, med stadfesting frå arbeidsgjevar om behov. Behov og søknad må meldast til den einskilde barnehage så snart som mogleg.

Takk for at du framleis er god på smittevern

Med auka smittetrykk i landet har vi igjen fått innstramming i nasjonale tiltak som gir rammer for oss i kvardagen. Alle ser nok fram til den dagen vi kan leve som normalt, utan smittereduserande tiltak.

Stor takk til alle som følgjer nasjonale reglar og tilrådingar!

Hald deg oppdatert

Reglar og oppmodingar i høve til nærkontaktar, karantene og testing er i stadig endring. På Helsenorge.no finn du siste nytt om nasjonale reglar og tilrådingar.

 

Med ønskje om ei fin førjulstid og julefeiring!

Med helsing
Trine Merete Jansen,
kommunalsjef oppvekst og kultur

Austrheim kommune
www.austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 14.12.2021
Publisert: 14.12.2021