HeimNyheterElisabeth Jensen Risnes fekk kulturprisen for 2024

Elisabeth Jensen Risnes fekk kulturprisen for 2024

Jensen Risnes fekk prisen for sin mangeårige innsats for kulturlivet i Austrheim.
Publisert: 06.05.2024
Sist endra: 06.05.2024

Utdelinga fann stad fredag 3. mai i samband med ein jubileumskonsert for Austrheim kulturskule, som feira sine første førti år med konsert og show i Austrheimhallen.

Dette er grunngjevinga for tildelinga av kulturprisen 2024, opplest av ordførar Morten Sognnes:

"Kulturprisen i Austrheim har blitt delt ut sidan 1989. Det er innbyggjarar som kjem med forslag på kandidatar, og det er levekårsutvalet som tek stilling til kven som får denne prisen.

Kulturprisen er ei takk og ei oppmuntring til dei som gjer ein innsats for «det gode liv i Austrheim». Her i kommunen skal det vera godt å bu, jobba og ha fritid.

Kandidatar til denne prisen må på ein eller annan måte ha gjort noko som set spor etter seg i kulturlivet i Austrheim.

I år går kulturprisen til ein innbyggjar som:

• er kjent for å seia JA
• spelar på fleire strengar
• like gjerne opptrer ute som inne
• er ei drivkraft, og får det til å klinga samstemt
• spreier song og musikkglede for alle aldrar

Den som får kulturprisen står for små og store arrangement, er korpsmedlem, pianist, dirigent, pianolærar og kulturskuleleiar.

Austrheim kommune vil med dette dela ut kulturprisen 2024 til:

Elisabeth Jensen Risnes

Elisabeth Jensen Risnes og Morten Sognnes

UTDELING: Prisvinnar Elisabeth Jensen Risnes og ordførar Morten Sognnes. (Prisen er eit innramma diplom, og ei gåve vove av Anne Grete Breisnes)

 

Liste over vinnarar:

2024: Elisabeth Jensen Risnes, for sin mangeårige innsats for kulturlivet i Austrheim
2022: Austrheim Landbrukskvinnelag, for engasjementet for lokalmiljøet og kulturlandskapet
2018: Steinar Ebbesvik, ærespris for sitt store engasjement og innsats innan kulturlivet i Austrheim

2018: Fonnes Bygdelag – for samarbeid og aktiv samfunnsutvikling,
Årvika friluftsområde og turveg til Vardetangen, Fonnesdajane.
2016: Henrik Austrheim – for frivillig innsats sidan barnsbein av
2014: Asbjørn Brandtun – aktiv innan idrett, kultur og landbruk
2012: Øystein Vikane – for frivillig og kyrkjeleg arbeid
2010: Rigmor Ludvigsen – for aktivitet i kulturlivet
2008: Trond Einar Sørensen – for arbeid med lyd og lys
2006: Dugnadsgjengen på Leirvåg Bedehus
2004: Knut Risnes – for aktiv innsats for bygda i ein mannsalder
2002: Joronn Sætre og Solveig Hopen – for arbeidet med jentespeidarane i 25 år 
2001: Arvid Tresvik – for innsatsen i Austrheim Rocke Verkstad
2000: Ingrid Askvik og Årås søndagsskule, v/Gro Johannesen 
1999: Monrad Sætre og Johanna Rebnord – for sosialt og medmenneskeleg engasjement 
1998: Per Ingemar Hartwall – for innsats i symjegruppa AIL 
1997: Asbjørg Lohne – for innsats i sanitetsforeining m.v. 
1996: Kjell-Tore Karlsen – for innsats innafor Austrheim Idrettslag m.v. 
1995: Neptun Pensjonistklubb – for innsats i Selsøya/krigshistorie
1994: Kolbjørn Haugland – for innsats i Austrheim samfunnshus, Austrheim songlag m.v. 
1993: Trygve Minde – for innsats mellom barn og unge 
1992: Gjertrud Daae – for allsidig innsats på kultursektoren
1989: Odd W. Suren – forfattar. Dette året vart det delt ut kulturstipend frå Austrheim kommune