HeimNyheterElevarbeid samla på brannvernutstilling

Elevarbeid samla på brannvernutstilling

Som del av opplegget er det ein eigen konkurranse der elevane skal vera kreative, og laga noko som viser det dei har lært. Bidraga frå dei ulike skulane er no samla til utstilling på Strilabiblioteket i Knarvik, der du kan sjå dei fram til 4. september.

Undervisning og praksis

Sidan 2000 har den brannførebyggande avdelinga tatt rundturen til barneskular i regionen. I år har rundt 1100 elevar fått besøk, og etter ein runde med undervisning i brannteori, har alle fått prøva seg på å sløkka ein brann.

Med denne inspirasjonen gjekk elevane i gang med å laga eit kreativt arbeid som viste det dei hadde lært, og utstillinga viser både brennande hus og brannbilar i farta.

Mellom elevane var det enkelte klassar som fekk  ein «draumedag» på brannstasjonen på Ikenberget utanfor Knarvik + besøk på Vilvite-senteret i Bergen. På brannstasjonen fekk elevane prøva brannslange, varmesøkjande kamera i røykfylt rom, politiet var på plass med hundar, og personell frå ambulansetenesta hadde kurs i Hjarte- og lungeredning (HLR).

Ligg også på nett

Under her kan de sjå bilete frå utstillinga, og av sjetteklassingar frå skulane Fedje, Sagstad, Matre og Solund under deira besøk ved Knarvik Stasjon.

Du kan også sjå bilete av alle bidraga på Brannvernet.no/konkurranse (klikk på lenka). 

Brannvern utstilling

Brannvern elevar på brannstasjonen


Sist oppdatert: 12.07.2022
Publisert: 12.07.2022