HjemNyheterEin med Korona-smitte, men ikkje lokalt utbrot

Ein med Korona-smitte, men ikkje lokalt utbrot

Austrheim hadde i september ei lita bølgje med fleire Korona-smitta, men etter 23. september stoppa dette opp. Smittesporinga var god, og innbyggjarane var flinke til å halda karantenereglar og generelle smittevernråd.

Etter dette har ein per no eitt tilfelle av Korona-smitte, registrert 14. oktober. Her er det innført tiltak med karantene for dei som er nærkontaktar til vedkommande, som er gjestearbeidar.

Smitten er ikkje knytt til dei som var smitta i Austrheim tidlegare, vedkommande hadde med seg smitten inn i kommunen. I løpet av karantenetida, som går ut no i helga, har vedkommande ikkje smitta andre.

Såleis er det etter snart 700 testar i Austrheim påvist i alt 12 tilfelle av Korona/Covid-19, der nokre av dei positive prøvesvara kjem etter testar gjort andre stader.

Det er ikkje mistanke om, eller registrert, smitte i skulane, barnehagane eller helseinstitusjonane våre.

For besøk på Nordliheimen må ein sjekka dei reglar og avgrensingar som til ei kvar tid gjeld for besøk der.

Kommunal kriseleiing (KKL) har avgjort at kommunen skal opna kommunale bygg for utlån til ulike aktivitetar, som skulekorps og anna. Garderobar og idrettshallen vart opna etter haustferien, og idrettslag og andre brukarar får no nytta dette. For å oppretthalda smittevernet skal brukarar av kommunale bygg bruka dei standardar som er laga av idrettsforbund, musikkkorpsforbund og liknande. I tillegg gjeld dei reglar ligg frå Helsedirektoratet, og frå KKL både for kommunale bygg og arrangement i bygg kommunen ikkje eig, med tanke på avstand, reine hender, med meir. 

Symjehallen er også teken i bruk igjen, men berre for bruk av skulane og symjegruppa. Det er ikkje offentleg bading enno.

KKL har også avgjort at Austrheim legg seg på dei nasjonale retningslinjene når det gjeld kor mange som kan samlast på offentleg stad, og liknande. Dette betyr mellom anna at ein gjev unntak frå einmetersregelen ved kino og liknande, der er det tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom kvar gjest. Nye nasjonale retningslinjer gitt 30. september, gjeldande frå 12. oktober, finn ein på www.regjeringa.no.

Det er sett opp eit telt på parkeringsplassen bak kommunehuset, der ein tar Korona-testar. Heile plassen er elles reservert for dette. Røde Kors bistår kommunen med organisering av testinga, dei som deltar derifrå har signert på teieplikt, som andre som jobbar med dette. Om du trur du kan vera smitta, anten på grunn av symptom eller av nærkontakt med ein som er smitta, skal du ringa til legekontoret for å avtala prøvetaking. Det er oppretta ein eigen Korona-telefon til legekontoret, med nummer 966 25 339, den kan du ringa kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Ved stadfesta smitte er det nærkontakt til den smitta som skal i karantene, ikkje nærkontakt til nærkontakt. Dette med nærkontakt og karantene vert vurdert på medisinskfagleg grunnlag. Du blir oppringt frå kommunen om du er nærkontakt.

Den som er nærkontakt, får ikkje opplyst kven det er som er smitta.

Kommunen takkar alle tilsette, og innbyggjarar elles, for innsatsen med å halda smitten i sjakk. Om alle opprettheld smitteverntiltak, som avstand og reine hender med meir, skal dette utbrotet me opplever no gå over. Du kan lesa meir om smittevern på heimesida til Folkehelseinstituttet, www.fhi.no

Les gjerne informasjonen om årets influensavaksinering, i Austrheimhallen:

Tysdag 27. oktober kl. 14.00-18:00
Torsdag 29. oktober kl. 14:00-18:00

Om du har nokon i familien eller nabolaget som du trur ikkje har fått denne informasjonen, del gjerne informasjonen med dei!

Til sist så ønskjer me alle ei god helg. Kanskje vert det tur til Vardetangen, for å kikka på den nye dagsturhytta? Den er snart klar til bruk. Og skal du eit ærend på butikken eller anna, hugs avstand på minst ein meter, at du må reine hender, og bruk litt handsprit 😊


Sist oppdatert: 16.10.2020
Publisert: 16.10.2020