HjemNyheterEi god jul for alle - juleaksjonen i Austrheim

Ei god jul for alle - juleaksjonen i Austrheim

2020 har vore eit spesielt og krevjande år for mange, og no treng me alle verkeleg ei god og fredeleg jul.

Dei fleste i kommunen og i landet elles har det etter måten bra, og klarer seg godt økonomisk, men for nokre kan det vera eit slit å få endane til å møtast. Det er det ikkje noko skam i, livet er dessverre ikkje alltid rettferdig.

Eg er utruleg stolt av og glad for at dei flotte ungdommane våre har sett dette, og at dei har teke initiativ til denne innsamlingsaksjonen for å gjera jula litt lettare for dei som har det vanskelegast i samfunnet. Austrheim kommunestyre er også begeistra for aksjonen, og på gårsdagens møte valte kommunestyret å støtta aksjonen med 20.000,- kroner.

Eg håpar at dei som har økonomiske utfordringar, nyttar seg av tilbodet frå innsamlingsaksjonen og takkar ja til både matkassar og julegåver. Hugs at alle innmeldingar vert behandla konfidensielt.

Eg vil med dette retta ei hjarteleg takk til alle dei som står på for å skapa eit betre og varmare samfunn.

Med ønskje om ei strålande jul for alle😊

Per Lerøy, ordførar

Les meir om julegåveaksjonen her:


Sist oppdatert: 11.12.2020
Publisert: 11.12.2020