Torsdag 13. januar vert det ny runde Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00.
Vaksineringa er for alle som er 18 år eller eldre, det einaste kravet er at det har gått 4,5 månader sidan førre dose.
- Som dei siste gongane er det drop in-vaksinering, altså utan timebestilling.
- Dei som ikkje har tatt vaksine, eller berre 1. dose, vert spesielt oppmoda til å vaksinera seg.
- Alle over 65 år som ikkje har fått 3. dose, eller 1. eller 2. dose, er også velkomne til drop in-vaksinering.
- Det skal ha gått minst 4,5 månader sidan førre dose.
- Hugs munnbind og legitimasjon.
- Følg rettleiing for parkering og organisering av sjølve vaksineringa.
- Det er Pfizer/BioNTech sin vaksine som blir sett. (Laga av Pfizer/BioNTech, har namnet Comirnaty)
- Hugs å ta med ein dose tolmod, og ei klype godt humør!
222 vaksinerte sist veke
Ved førre vaksineringsrunde, torsdag 6. januar, kom det 222 til vaksinering. Dei fleste fekk 3. dose, men det var også fleire som kom og fekk 1. dose med Korona-vaksine.
Vaksineringa er frivillig, men kommunen oppfordrar alle til å ta vaksinen, sidan det reduserer smittefaren og jamt over gjev eit mykje enklare sjukdomsbilde dersom du først skulle bli smitta.
Les meir om kvifor det er tilrådd å ta Korona-vaksine, på den statlege nettsida HelseNorge.no, klikk her (ekstern lenke).
24 nye smitta sist veke
I løpet av første arbeidsveke av 2022, måndag til fredag, vart det registrert 24 nye personar med stadfesta Korona-smitte i Austrheim.
Av desse er nesten halvparten av prøvane analyserte til å innehalda Omikron-varianten av viruset. Det talet kan auka etter kvart som fleire av prøvane blir analyserte.
Dei som var registrerte med smitte sist veke har hatt forkjølingssymptom eller tilsvarande lett influensa, ingen av desse har hatt behov for lege eller innlegging på sjukehus.
Etter at den siste smittebølgja starta 22. oktober 2021, er det registrert 98 smitta i Austrheim. I det første halvanna året før dette, frå oppstarten av pandemien i mars 2020 til oktober 2021, var det registrert 31 personar med Korona-smitte.
Munnbind og avstand
Som tidlegare gjeld det å ta enkle tiltak mot Korona-smitte:
- Test deg, og hald deg heime, om du har symptom på korona.
- Ta koronavaksinen.
- Vask hendene ofte og grundig. Handsprit er eit godt alternativ.
- Unngå klemming og handhelsing.
- Host inn i eit papirlommetørkle eller albogekroken.
Om isolasjon og karantene
Her finn du ulike rettleiingar:
Til deg som er smitta (klikk her for å komma til PDF).
Til deg som er husstandsmedlem som kan halda avstand til den som er smitta (klikk her for å komma til PDF).
Til deg som er husstandsmedlem til ein smitta og ikkje kan halda avstand (klikk her for å komma til PDF).
Til deg som er øvrig nærkontakt (klikk her for å komma til PDF).
Utlevering av hurtigtestar
Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test.
Er du sjuk må du senda andre for å henta pakken med hurtigtest. Men den som skal bruka testen må ha symptom, med unntak av dei som bur i same husstand som ein som er smitta, sjå under. Om du ikkje har symptom, men ønskjer å ha eit testsett liggande, må du kjøpa deg Korona-test til dømes på apotek eller butikk.
Det same om du ikkje kan henta ut mellom klokka 14.30 og 15.15, då må du kjøpa testen på apoteket.
Det vert delt ut det tal testar som trengs etter situasjonen. Har du symptom, får du ein test. Er du husstandsmedlem til ein som er Korona-smitta, eller annan nærkontakt til ein Korona-smitta, får du fleire testar.
Er ein hurtigtest positiv, må du gå i isolasjon og bestilla ein vanleg Korona-test i regi av legekontoret.
Austrheim kommune sin tilgang på sjølvtestar vert styrt av den nasjonale tildelinga, og det er ikkje uavgrensa tilgang. For å sikra at kommunen har testar tilgjengeleg til dei som verkeleg treng dette, skal det prioriterast.
Prioritering av hurtigtestar
Det er Helse- og omsorgsdepartementet som har bestemt korleis bruk av hurtig- og sjølvtestar skal prioriterast i kommunane, og lista er slik:
- Nærkontaktar av personar med kritiske samfunnsfunksjonar i omikron-utbrot.
Ved symptom:
- Prioritera tilsette med vage symptom i helse- og omsorgstenestene, andre personar med kritiske samfunnsfunksjonar, og barn.
Ved kjent smitteeksponering for husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære:
- Prioritera barn
- Prioritera tilsette i helse- og omsorgstenestene
- Prioritera nærkontaktar ved omikronutbrot
Ved kjent smitteeksponering for andre nærkontaktar:
- Prioritera barn og tilsette i helse- og omsorgstenestene, eventuelt kritiske samfunnsfunksjonar som er andre nærkontaktar til ikkje-omikronutbrot.
- Jamleg testing av barn, særleg i område med vedvarande høgt smittetrykk.
- Jamleg testing i helse- og omsorgstenestene i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar, og i område med vedvarande høgt smittetrykk.
Kortare opningstid på telefon torsdagar
Elles tar me med her at legekontoret har litt kortare opningstid på telefon torsdagar frå no av.
Nummeret er som før 56 16 82 00, og dei svarer telefonen frå klokka 08.30-12.00 og 13.00-15.00. Men torsdagar først frå klokka 09.30.
Andre aktuelle nummer:
Akutt lege/ambulanse heile døgnet - tlf. 113
Nordhordland legevakt - tlf.116 117