HjemNyheterDrop-in vaksine 16.12 og 21.12.

Drop-in vaksine 16.12 og 21.12.

Kven kan komma på drop-in

  • Dette er i utgangspunktet oppfriskingsdose/3. dose for alle over 45 år.
  • Det skal ha gått 4,5 månader sidan dose to.
  • Du kan også komma på drop-in dersom du ikkje er vaksinert, men no ønskjer å vaksinera deg for Korona.
  • Du kan også komma på drop-in dersom du har tatt ein vaksinedose tidlegare, og no ønskjer å ta dose 2.
  • Det er vaksine frå Pfizer Biontech som blir brukt.
  • Det er andre krav til ventetid mellom dose 2 og 3 for personar med svekka immunforsvar eller andre lidingar.

Litt praktisk for vaksineringa

  • Vaksineringa er altså i Austrheimhallen tysdag 21. desember frå klokka 15.00 til 17.00. 
  • Det er drop-in, så du berre dukkar opp utan timebestilling.
  • Kle deg etter veret, sidan det kan bli kø. Men tenk samstundes på at du må kunna pakka ut overarmen din nokolunde enkelt for vaksinestikket.
  • Du må venta 20 minutt etter vaksineringa.
  • Ta med deg munnbind, og hugs avstand.
  • Ikkje kom på vaksinering dersom du har feber, kjenner deg sjuk eller er i karantene.

Ta med godt humør

  • Ordninga med drop-in er god for innbyggjarane, sidan ein slepp bestilla time. Men det kan verta kø undervegs, så me oppmodar til å ta med seg sin eigen oppfriskingsdose med godt humør, og ta det med eit smil.
  • Det er også drop-in vaksinering i Austrheimhallen torsdag 16. desember, klokka 17.30 til 19.00, eller så langt ein har vaksinedosar.

Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 15.12.2021