HjemNyheterDobbelt sprek: Stolpejakt og Sykle til jobben

Dobbelt sprek: Stolpejakt og Sykle til jobben

Bjarne Kaland i Austrheim idrettslag og ordførar Per Lerøy

Bjarne Kaland i Austrheim idrettslag og ordførar Per Lerøy med nokre av premiane du kan få i Stolpejakten i Austrheim.

Er du glad i aktivitet og trening? Eller treng du litt ekstra motivasjon til å komme i gang? No er det to utfordringar straks klare her i Austrheim, med oppstart frå 20. april.

Stolpejakten varer frå 20.04-31.10.2021, og om deltar vert du med i trekning av fine premiar. Du treng ikkje å ta alle stolpane, du treng heller ikkje vera først, det er berre å delta så vert du med i trekninga.

Sykle til Jobben-aksjonen varer frå 20. april til 18. juni, og du kan vinne fine premiar i heile perioden.

Gratis å delta

Austrheim spandere påmeldingsavgifta til Sykle til Jobben. All aktivitet kan registrerast. Dermed slår du to fluger i eit smekk med Stolpejakten og Sykle til Jobben. I tillegg til gåturane frå Stolpejakten kan du registrera leik med fotballen i hagen, volleyballtrening, basisball-trening, ein tur på rulleskøyter, ein kald symjetur eller ein sykkeltur. Her er det berre å komme seg ut og i aktivitet, oppfordrar Per Lerøy.

For mange har reisevegen til jobben blitt erstatta av heimekontor. Den årlege Sykle til Jobben-aksjonen har tradisjonelt retta seg mot reisevegen til og frå jobb. I år ligg fokuset på kvardagsaktivitet. Om ein har heimekontor eller ikkje har moglegheit til aktiv reiseveg til jobb, kan ein likevel delta. All aktivitet tel i Sykle til jobben-aksjonen.

– Vi ønskjer å motivere folk til å vere meir aktive i kvardagen, seier Per Lerøy.

Klikk her for å melde deg på!

Deler ut fine premiar

Mange opplever gjerne at dei er mindre aktive enn før, med heimekontor og aktivitetstilbod som er sette på pause som følgje av koronapandemien.

For å skape ein ekstra motivasjon for å bli med på kampanjen i år er det mogleg å vinne ei rekkje flotte premiar kvar veke.

Klikk her for å sjå kva premiar Bedriftsidretten trekker blant dei påmelde.

Registrer deg no

Påmeldinga til Sykle til Jobben-kampanjen er allereie opna på Sykle til jobben-aksjonen si nettside. Kampanjeleiar i Bedriftsidretten, Emil Hjemli Borgersen, fortel at det ikkje er for seint å registrere seg som deltakar.

– Du kan enten melde deg på som deltakar på eit lag med maks fem deltakarar saman med vener eller kollegaer. Eller så kan du registrere deg som individuell deltakar, opplyser kampanjeleiaren.

I 2020 deltok over 33.000 nordmenn på Sykle til jobben-aksjonen. Vi håpar at endå fleire blir med på kampanjen i år, som går av stabelen mellom 20. april til 18. Juni.

Dette er Sykle til jobben

Sykle til jobben har halde på sidan 1973 og har etter kvart blitt mykje meir enn berre sykkel! Hovudmåla er å stimulere til auka kvardagsaktivitet i tillegg til å ha fokus på ein aktiv reiseveg til og frå jobb. Meir informasjon finn du på sykletiljobben.no

Det er Norges Bedriftsidrettsforbund som arrangerer Sykle til jobben-aksjonen. Dei tilbyr meir enn 50 ulike aktivitetar, og er det 3. største særforbundet i Noreg med omlag 200.000 medlemmer.


Sist oppdatert: 26.04.2021
Publisert: 16.04.2021