HeimNyheterGratis digitalt kurs i tobakkskutt

Gratis digitalt kurs i tobakkskutt

Friskliv og Meistring tilbyr kurs for deg som ønskjer å slutta med røyk og snus. Mange klarer å slutta på eiga hand, men det er dokumentert at støtte og rettleiing aukar sjansane for å slutta med tobakksbruk.
Publisert: 03.07.2024
Sist endra: 03.07.2024

Hausten 2024 går det eit digitalt interkommunalt røykesluttkurs på Teams, eit kurs som er ope for alle i Vestland fylke. Kurset har ingen kursavgift. Påmeldingsfristen er fredag 13. september.

Dette er nokre av emna som blir tatt opp i kurset:

  • Korleis brukar du tobakk?
  • Korleis planlegg du å slutta?
  • Kva hindrar deg?
  • Bruk av tobakk - vane og avhengighet
  • Legemiddel og elektroniske hjelpemiddel
  • Å øva på å utsetta, avlysa og erstatta tobakken
  • Glipp og sprekk
  • Vekt og mat
  • Gevinstar
  • Kanskje setta ein dato?
  • Planlegg ditt SLUTTEPROSJEKT

Tentative kursdatoar hausten 2024:

  • 17. september 2024, klokka 14.00 - 15.30
  • 24. september 2024, klokka 14.00 - 15.30
  • 1. oktober 2024, klokka 14.00 - 15.30
  • 22. oktober 2024, klokka 14.00 - 15.30
  • 29. oktober 2024, klokka 14.00 - 15.30
  • 5. november 2024, klokka 14.00 - 15.30

Påmelding på denne lenka (her), eller skann QR-koden på bildet under:

QR-kode for kurs i tobakkskutt