HjemNyheterDigital innsamling til årets TV-aksjon

Digital innsamling til årets TV-aksjon

TV - aksjonen 2020

I år går NRK sin store innsamlingsaksjon til WWF og kampen mot plast i havet. Midlane som kjem inn skal brukast i Søraust-Asia der det er store problem med plastforsøpling av havet, i landa Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Ein tredel av plasten i havet kjem frå denne regionen, og midlane frå TV-aksjonen skal utvikla og forbetra avfallssystem for meir enn 900.000 menneske i desse landa.

Målet er å redusera utslepp av plast til elvar og hav med 7.000 tonn årleg.

Bli digital bøsseberar

På nettstaden www.blimed.no kan du registrera deg som digital bøsseberar.

Det inneber at det vert laga ei bøsse knytt til deg, som du då kan dela på sosiale media, eller du kan rett og slett fortelja andre om den.

Lag ein spleis

Det er også lagt opp til ein kan laga seg ein eigen digital spleis. Klikk her for å sjå ei rettleiing på korleis du ordnar dette for ditt lag/organisasjon.

Mange skular, barnehagar, privatpersonar og andre har allereie oppretta sine Spleis-aksjonar, og lag og organisasjonar i Austrheim er oppfordra til å laga kvar sine Spleis-aksjonar under årets TV-aksjon. 

Bankoverføring

Ein kan også gi eit bidrag til aksjonen ved å overføre til Austrheim kommune sin bankkonto: 1594 1180407. Merk med TV-aksjonen 2020.

Lang historie

TV-aksjonen er ein årleg, riksdekkande norsk innsamlingsaksjon, som sidan 1974 har gitt midlar til ulike gode formål. I 2019 vart det samla inn til Care Norge sitt arbeid for utsette kvinner i ulike land, og det kom inn over 240 millionar kroner.

Vanlegvis ville det vore rundt 100.000 bøsseberarar i sving rundt om i landet, for å nå ut til alle dei 1,8 millionar husstandane. 2020 vert første året utan dør til dør-aksjon, men med gode digitale løysingar håpar WWF på at eit bra innsamlingsresultat også til deira aksjon mot mindre plast i havet.

Sel fanga av plastsøppel

Foto: Jamie Lamb / Elusive-images.co.uk/Getty Images

Også kommunen er med og støttar aksjonen, med 25.000 kroner:

Diplom TV-aksjonen 2020 Austrheim kommune har gitt 25000


Sist oppdatert: 15.10.2020
Publisert: 17.09.2020