HjemNyheterDette betyr framlegget til statsbudsjett for Austrheim kommune

Dette betyr framlegget til statsbudsjett for Austrheim kommune

Vekst i dei frie inntektene, redusert moms på vatn og avlaup, og lovnad til innbyggjarane om kutt i studielånet frå og med 2026.
Publisert: 09.10.2024
Sist endra: 09.10.2024

Regjeringa kom måndag 7. oktober med framlegget til statsbudsjettet for 2025, og tala viser at Austrheim kommune får ein vekst i frie inntekter (skatt og rammetilskot) på 8,7 prosent neste år.

Denne veksten er eit anslag. Framleis veit ein jo ikkje kva dei endelege summane for skatteinntekter vert for 2024, og det endelege talet på skatteinngangen for 2025 har ein jo ikkje før i januar 2026.

Men så langt regjeringa sitt budsjettanslag heldt mål, vil inntektsveksten vera på 8,7 prosent.

Austrheim kjem betre ut enn landet, gjennomsnittleg vekst i skatteinntekter og rammetilskott (altså frie inntekter) skal for alle kommunane og fylkeskommunane vera på 5,8 prosent, mot 8,7 prosent for Austrheim kommune. I kroner utgjer veksten i frie inntekter om lag 6,8 milliardar kroner samla for landet.

Auka inntekter – om regjeringa treff på løns- og prisvekst

Kor mykje kommunen kan bruka fritt av veksten i frie inntekter, er avhengig av kor mykje lønningane og prisane i samfunnet aukar i løpet av året. Regjeringa har i framlegget til statsbudsjett for 2025 tatt høgde for at lønsveksten endar på 4,5 prosent i 2025, og prisveksten på 3,5 prosent.

Summen av løns- og prisvekst er det som i budsjettdokumentet heiter deflator, og regjeringa har i framlegget til statsbudsjett sett denne til 4,1 prosent. Som ein ser er ikkje deflatoren eit tverrsnitt av lønsveksten og prisveksten, dette kjem av at lønsutgiftene utgjer oppunder 60 prosent av utgiftene i kommunane, slik at lønsveksten får litt meir vekt i reknestykket.

Dersom skatteinntektene er om lag som anslaget seier, og lønsveksten og prisveksten ikkje endar høgare enn regjeringa sitt anslag, vil kommunen ha litt meir å rutta med i 2025.

Auka oppgåver krev meir pengar

Bakgrunnen for at regjeringa vil gje kommunane meir pengar, er at det er auka kostnader på veg. Veksten i frie inntekter skal dekkja kostnader som følgje av befolkningsutviklinga med fleire eldre innbyggjarar, noko som er ei utvikling i mange kommunar.

For Austrheim sin del ser ein alt i år at det er ein vekst i utgiftene til sosialstønad, og det er ein auke i utgiftene til barnevernet. At renta har gått opp dei siste åra, krev også ein større del av inntektene for å dekka rentekostnader.

— Sjølv om auken i frie inntekter vil vera kjærkomen, så har Austrheim kommune mange utfordringar framover. Det er difor framleis behov for omfattande omstilling i kommuneorganisasjonen, for å sikra ei økonomisk berekraftig utvikling, seier kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug.

Kommunen har også eit etterslep på vedlikehald av eigne bygningar, og dette krev at det vert sett av større ressursar framover.

Rimelegare vatn og avlaup

Statsbudsjettet inneheld eit framlegg om å redusera meirverdiavgifta (mva) på vatn- og avlaupsgebyret frå 25 til 15 prosent frå 1. mai 2025. Vatn og avlaup er eit sjølvkostområde, det vil seia at gebyra ein tek inn frå innbyggjarane dekker utgiftene. Redusert mva betyr at utgiftene vert reduserte for innbyggarane, men likevel kan kronesummen på rekningane bli høgare. For kommunestyret har vedteke å bygga ut vatn- og avlaupsnettet til fleire innbyggarar, og oppgradera med høgare kapasitet på vasstilførsel og kloakkreinsing.

Eit anna punkt i statsbudsjettet som, verkeleg kan gjera det rimelegare for innbyggarar i Austrheim, er punktet om sletting av studielån. Alle med studielån frå Statens lånekasse for utdanning skal få sletta 25.000 i året av studielånet. Kravet er at du bur i ein dei 189 kommunane som er omfatta av ordninga (Austrheim er med, Alver er ikkje med), og at du er i arbeid. Effekten av dei 25.000 kronene i årleg lånekutt blir jo større, sidan du elles hadde betalt renter av denne summen heilt til lånet var nedbetalt.

Men det er ei hake her, og det er at ordninga med lånekutt er sett opp til å gjelda frå 1. januar 2026. Og før det skal det jo vera val på nytt Storting, som kan få nytt fleirtal og andre prioriteringar når røystene er talde og representantane klare.

Endeleg vedtak i desember

Regjeringspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet har no lagt fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2025, men sidan dette er ei mindretalsregjering må dei no i forhandlingar med andre parti for å sikra fleirtal i Stortinget. I denne regjeringsperioden har dei fått budsjettfleirtal saman med Sosialistisk Venstreparti.

Storinget sine ulike komitear skal ha budsjetthøyringar no i oktober, og så skal budsjettet handsamast i plenum i november og desember. Budsjettet for 2024 vart ikkje vedteke av Stortinget før 20. desember 2023. Blir det like tett på jul i år, vil det vera etter at kommunestyret i Austrheim har vedteke kommunebudsjettet for 2025.

Kommunedirektøren i Austrheim skal legga fram sitt budsjettframlegg den 31. oktober (framlegginga vert strøyma på www.austrheim.kommuneTV.no). Etter høyringsperioden skal formannskapet gje si innstilling den 28. november, og kommunestyret skal gjera endeleg vedtak den 12. desember.

Andre punkt frå framlegget til statsbudsjett:

  • Regjeringa gjer framlegg om ei ramme for tilskot til å bygga om lag 1 500 heildøgns omsorgsplassar i 2025.
  • Tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer er vidareført og styrkt.
  • Investeringsramma for rentekompensasjonsordninga vert auka, slik at kommunar og fylkeskommunar slepp å betala renter når det vert gjort store investeringar i læringsarenaer og utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring.
  • Ny offentleg AFP vert innført frå 1. januar 2025. Regjeringa vil koma tilbake til verknader av og kompensasjon i revidert nasjonalbudsjett for 2025, som kjem på våren.
  • Frikortgrensa, som er summen som studentar og skuleungdom kan tene utan å betala skatt, vert heva på 70 000 kroner til 100 000 kroner.