HjemNyheterDagsturhytta kan bli mikrokulturhus

Dagsturhytta kan bli mikrokulturhus

Dagsturhytteprosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2016, og har sidan spreidd seg til heile Vestland og til fleire andre fylke, deriblant Rogaland.

I Austrheim er hytta plassert på Vardetangen, Norges vestlegaste fastlandspunkt. Tett ved varden er dagsturhytta ein plass å trekka i hus for ein nistepause, eller kanskje for å lesa i ei av bøkene i minibiblioteket.

Her i Austrheim, og i Alver, skal prosjektet løfta fram kunnskapen om den indre farleia, med fiskarbondelandskap, lynghei og farlei. Planen er å setta ut skilt med informasjon, og desse skal ha QR-kodar som viser vidare til nettsider med meir informasjon.

Prosjektet har støtte frå Riksantikvaren (350.000 kroner) og Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane (50.000 kroner). Midlane skal dekka arbeidet med eit forprosjekt for dette arbeidet med kunnskapsdeling om kulturhistoriske landskap. 

Du kan lesa meir om prosjektet hjå Vestland fylkeskommune, klikk her for å gå dit (ekstern lenke)

Bilde av dagsturhytta Vardetangen


Sist oppdatert: 11.04.2023
Publisert: 11.04.2023