HjemNyheterDagsturhytta kan brukast frå 30. oktober

Dagsturhytta kan brukast frå 30. oktober

Det siste som skulle gjerast før opning var lakking av golvet innvendig, dette er no utført. 

Det nynorske biblioteket kjem på plass torsdag 29. oktober. Dagsturhytta vert så opna opp for turfolk frå fredag den 30. oktober. Det er viktig at folk tek av turskoa når dei går inn i hytta.

Offisiell opning som var planlagt den 1. november, måtte utsetjast på grunn av smittesituasjonen i landet. Men familiar og enkeltpersonar må berre ta hytta i bruk, kos deg der på dagsturar til Vardetangen!

 

Dagsturhytte Vardetangen

Dagsturhytte Vardetangen eige bibliotek

Dagsturhytte Vardetangen

Regnboge over Fensfjorden


Sist oppdatert: 30.10.2020
Publisert: 29.10.2020