HjemNyheterDagsturhytta har fått 10 sider i Bergens Tidende

Dagsturhytta har fått 10 sider i Bergens Tidende

Bergens Tidende Hus og Hjem Vardetangen Jan M Lillebø

Alle i Austrheim (som ikkje er abonnentar då) bør kjøpa Bergens Tidende i dag, fredag 8. januar. På framsida og ni sider vidare i magasinet "Hus og Hjem" kan du nemleg lesa om dagsturhyttene i Vestland Fylke, illustrert med bilde av den finaste av dei alle, den på Vardetangen i Austrheim. 

Fotograf Jan M. Lillebø har tatt flotte bilete, og Paal Kvamme har skrive om dagsturhytteprosjektet. Reportasjen kan også lesast på Bergens Tidende si nettside bt.no.

Bergens Tidende Hus og Hjem Vardetangen Jan M Lillebø

Besøket på Vardetangen har me ei viss teljing på, med ein teljar som står plassert ved stien. Etter at Korona-nedstenginga slo inn i mars 2020, gjekk besøket bratt oppover, med over ei dobling frå februar til april (over 2400 besøk i april).

Dette året var juli og oktober dei beste månadene, med over 3500 besøk begge månadene. Så langt i 2021 er det registrert 1,321 passeringar, altså rundt 660 besøk (teljaren tel deg begge vegar). I tillegg kjem dei som eventuelt skulle svinga seg utanom teljaren.

Vil du lesa meir om Vardetangen, som er noregs vestlegaste fastlandspunkt, kan du lesa på nettsida www.vardetangen.no


Sist oppdatert: 11.01.2021
Publisert: 08.01.2021