HeimNyheterDagsturhytta er på Vardetangen

Dagsturhytta er på Vardetangen

Dagsturhytta kom til Vardetangen snøggbåtkai søndag den 20. september kl. 23.30, med  lastebåten MS Svealand. Ordførar Per Lerøy bisto med av lossinga på kaien av Dagsturhytta.

Onsdag den 23. september byrja arbeidet med å få transportert og montert Dagsturhytta. Hytta vert bygd opp attmed det vestlegaste fastlandspunktet i Norge, Vardetangen. Det er verksemda Stad Kystbygg AS som byggjer og monterer Dagsturhytta.

Hytta får vedomn og solcellepanel. Før bygget kan opnast for turgåarar, skal golvet inne lakkerast.

Både hytta og toalettet vert universelt utforma. Det er også gangtilkomsten frå parkeringsplassen som er i nærleiken av snøggbåtkaien, om lag 1,2 km unna. Det er og mogeleg å gå på god tursti via friluftsområdet i Årvika.

Det er alt mange turgåarar som har teke turen til Vardetangen for å sjå på byggjearbeidet som pågår no og ut i neste veke.

Det er Fonnes Bygdelag som skal stå for det daglege tilsynet med Dagsturhytta. Det vert offisiell opning av Dagsturhytta etter haustferien 2020.

Ta gjerne turen til Vardetangen og nyt synet av Dagsturhytta til Austrheim kommune.

Asbjørn Nagell Toft
Austrheim kommune

Utsikten frå Dagsturhytta vert flott, mot Fensfjorden og mot det vestlegaste fastlandspunktet i Norge, Vardetangen.

Utsikten frå Dagsturhytta vert flott, mot Fensfjorden og mot det vestlegaste fastlandspunktet i Norge, Vardetangen.

Dagsturhytta og toalettbygget vart transportert til snøggbåtkaien på Vardetangen.

Dagsturhytta og toalettbygget vart transportert til snøggbåtkaien på Vardetangen.

Transport av Dagsturhytta i modular med lastebil til Vardetangen.

Transport av Dagsturhytta i modular med lastebil til Vardetangen. 

Prosjektleiar for Dagsturhyttene i Vestland fylkeskommune, Atle Skrede.

Prosjektleiar for Dagsturhyttene i Vestland fylkeskommune, Atle Skrede.

Tømrarane i verksemda Stad Kystbygg AS monterer Dagsturhytta.

Tømrarane i verksemda Stad Kystbygg AS monterer Dagsturhytta.


Sist oppdatert: 24.09.2020
Publisert: 24.09.2020