HjemNyheterCovid-19, definisjonar av tilfelle og nærkontakt

Covid-19, definisjonar av tilfelle og nærkontakt

Sist oppdatert frå Folkehelseinstituttet 26. august:

Med mistenkt tilfelle av covid-19 er meint ein person som fyller dei følgjande kliniske kriteria: Akutt luftvegsinfeksjon og eitt eller fleire av følgjande symptom; feber, hoste, tungpusta, tap av smak- eller luktesans, eller vurdert av lege som mistenkt covid-19.

Sannsynleg covid-19 er den som er nærkontakt til stadfesta tilfelle av covid-19 som fyller dei kliniske kriteria på covid-19. Kategorien vert nytta når det ikkje er mogleg å testa, eller testsvaret er forseinka og det er stor sannsynlighet for smitte. Eit sannsynleg tilfelle bør isolerast tilsvarande eit stadfesta tilfelle. Husstandsmedlemmer og tilsvarande bør settast i karantene, men det er ikkje naudsynt med smitteoppsporing av andre nærkontaktar.

Stadfesta covid-19 vert brukt om personar som har fått påvist covid-19 ved PCR-test.

Nærkontaktar, frå 13.08.20 skal alle nærkontaktar i karantene. Med nærkontakt er meint personar som har hatt tett kontakt med ein person som er stadfesta sjuk covid-19, frå 48 timer før vedkommande fekk dei første symptoma (for asymptomatiske; frå 48 timer før prøvetaking), og til personen er avisolert.

For meir informasjon, særleg om nærkontaktar, sjå denne sida hjå Folkehelseinstituttet, www.fhi.no:

Utdanningsdirektoratet har laga ein eigen rettleiar for dei som jobbar i barnehage og skule, den finn du her på www.udir.no:


Sist oppdatert: 02.09.2020
Publisert: 02.09.2020