HjemNyheterCD-lansering i Austrheimstova

CD-lansering i Austrheimstova

Ekteparet Inger Johanne og Roar Ektvedt har gjeve ei rekkje flygel og piano, til glede for både musikarar og publikum. Instrumenta er plasserte på institusjonar og kyrkjer, dei fleste her i Nordhordland, men også andre stader. I alt har det blitt 16 klaverinstrument, alle av særs god kvalitet.

No har Inger Johanne Ektvedt spela inn ein CD saman med pianist Rune Alver, ei plate der ein mellom anna kan få høyra firhendige stykke som «Sukkertøyfeens dans», eit stykke som også har gjeve namn til plata. Inger Johanne Ektvedt er kanskje mest kjent som farmasøyt og tidlegare eigar av apotek i Knarvik og Mastrevik, men har også mange års utdanning i piano frå Barratt Dues institutt i Oslo.

Andre medverkande under konserten er Roar Ektvedt som skal lesa dikt, og vidare Seniorkoret i Austrheim (dirigent Kjersti Wiik), Magnus Iversen, Ida-Johanne A. Olsen og Elisabeth Jensen Risnes.

Konsert 200423 Inger Johanne Ektvedt og Rune Alver plakat


Sist oppdatert: 11.04.2023
Publisert: 11.04.2023